Pandemi, økonomi og politikk på KåKånomics

Konferansen som er del av økonomifestivalen KåKånomics har i år "pandemi, økonomi og politikk" som hovudtema. Eit sterkt felt av økonomar frå akademia, inkludert to professorar frå Handelshøgskulen ved UiS, næringsliv og organisasjonslivet deltar torsdag 22. oktober.

I tillegg til store helse- og samfunnsmessige verknadar har koronakrisa ført med seg eit alvorleg økonomisk tilbakeslag. Aktivitet og sysselsetting har stoppa opp både på verdsbasis og i norsk økonomi, og fallet i oljeprisen har lagt stein til børa for Olje-Noreg, og for Stavangerregionen.

Koronakrisa er eit stort og uventa sjokk for økonomi og samfunn, med vesentlege verknadar både på kort og lang sikt. Liv og levesett kan bli annleis, og det same gjeld utsiktene for arbeid, løn og velferd.

Eit naturleg spørsmål er dermed korleis politikarane våre bør te seg i møtet med krisa. Dette er hovudtemaet for den første årlege KÅKÅnomics-konferansen for økonomisk politikk.

Professor Torfinn Harding på Handelshøgskolen ved UiS vil holde innlegget: «Tiltakspakkane: Kor mykje har dei hjulpet?» Øystein Thøgersen, rektor, NHH og professor II ved HHUiS tek føre seg Oljefondet: «Sareptas krukke — eller tom krybbe?» Professor Mari Rege vil delta i paneldebatten «Arbeidsmarknaden: Har den norske modellen ei framtid?»

Av andre sterke namn på konferansen er: Victor Norman, Karen Helen Ulltveit-Moe, Taran Thune, Steinar Holden, Øystein Dørum, Hilde Christiane Bjørnland og Sekretariatsleiar Anders Vredin frå Sveriges Riksbank. 

Programmet mønstrar eit særs sterkt felt av økonomar frå akademia, næringsliv og organisasjonslivet — som set søkjelys på utsikter for norsk økonomi, kapasiteten og effektivitet i statlege tiltak, innovasjon og omstilling, og utsikter for arbeidsmarknaden. 

Klikk her for meir informasjon om konferansen.